Grunnleggjande Matematikk
Velkommen til emnet i Grunnleggjande Matematikk hausten 2018. Alt materiale til kurset vert publisert her. Kunngjeringar i BlackBoard vert brukt for å dra merksemd til viktige endringar og viktig praktisk informasjon.
Førelesarane er
- Professor Hans Georg Schaathun [email protected]
- Pensjonert høgskulelektor Jan Gunnar Moe [email protected]
Undervisinga i emnet omfattar
- førelesingane
- 3x2h/veke går i Fogdegården og er lærarstyrte.
Her bruker me Moodle/JazzQuiz
- gruppeøvingar
- skal fyrst og framst vera ein plass for å stilla spørsmål og å få individuell
hjelp. De arbeider med oppgåvene i eige tempo. Ein førelesar og ein eller fleire
studentassistentar vil bistå.
Der er sett av 2x2h/veke, men rommet har berre plass til halve klassa, og meininga er 1x2h per student i veka. So lenge det ikkje er fullt er det berre å koma alle timane, men dersom me får plassmangel, må me finna ein måte å dela klassa på.
- Blackboard
- BlackBoard vert brukt til kunngjeringar og til forum.
- Læringsmateriell
- Foruten denne sida, kjem der øvingshefter i
- 1.
- Finans og geometriske rekkjer.
- 2.
- Inntekts- og kostnadsfunksjonar med optimering og funksjonsdrøfting.
Det siste heftet dekkjer to hovudtema og er difor dobbelt so omfattande som det fyrste. Dei tre temaa er utdjupa i det siste kapittelet i det siste heftet.
- Formelark
- Formelarket vert tilgjengeleg som vedlegg på eksamen.
Der er nokre viktige endringar i emnet, samanlikna med tidlegare år. Læringsmåla er dei same som før, men me skal leggja meir vekt på å nå alle måla, og ikkje berre ferdigheitsmåla. Det er ikkje lenger lov å ha med lærebok eller formelsamling på eksamen, og berre enkel kalkulator er lov.
Me vurderer å gje ei kort formelsamling (ei side) som vedlegg i eksamensoppgåva. Dette vil me ta stilling til etter midtvegsevalueringa i emnet. Innspel er velkomne, særleg innspel med grunngjeving.