Matematisk Problemløysing
Velkommen til emnet i Matematisk Problemløysing hausten 2020. Alt materiale til kurset vert publisert her. BlackBoard vert brukt til kunngjersler og innleveringar.
Det vert eit spesielt semester, med smittevern og stadige regelendringar. Eg trur at eg har funne eit opplegg som er godt egna for målgruppa på kurset. Vonleg får me lov å arrangera eksamen som planlagd.
- Målgruppa
- er studentar som treng å kunna tenkja matematisk omkring konkrete problem i vidare studium, men som ikkje har særleg god forståing for abstrakte matematikkproblem og dermed gjerne har slitt med matematikkfaget i tidlegare skulegang.
- Førelesar
- Professor Hans Georg Schaathun [email protected]. Tak gjerne kontakt med spørsmål og anna. Det enklaste er å ta kontakt på undervisingsøktene, men send gjerne epost eller stikk innom på B326 (so langt smittevernreglane tillet det).
- Hovudøkt
- Hovudøkta er 4h på nett. Store delar av økta vert gruppearbeid, men me vil alltid både starta og avslutta med plenumsførelesing. Me bruker BlackBoard Collaborate; dette vert kunngjort i BlackBoard
- Rettleiingsøkt
- Alle studentar er tildelt ein 2h rekneøkt. Desse går fysisk, med eldre studentar som læringsassistentar. Her kan de velja om de vil arbeida individuelt eller i gruppe.
- Vurderingsform
- Mappevurdering. Sjå under Praktisk Informasjon.
- Obligatoriske arbeidskrav
- Der er to typar arbeidskrav i emnet.
- 1.
- Refleksjonsnotat som inngår i mappa.
- 2.
- Automatisk retta rekneoppgåver som ikkje inngår i mappa.
Alle fristane vert kunngjorde i BlackBoard
- Utstyr
- Til nettøktene er det viktig at alle har maskin med kamera og brukbar mikrofon. Den
innebygde mikrofonen gjev som regel mykje støy. Billege hovudtelefonar med mikrofon er
som regel bra nok.
Det er ein stor føremon å ha skjerm med penn til å skriva og teikna på frihand. Dette kostar ein del, men det gjer samarbeid over nett mykje enklare, og dersom du finn noko som passar for deg, so kan du spare inn ein del på papir og penn. Der er mange løysingar, både pennar til mange nettbrett, penneskjermar til stasjonære datamskiner og bærbare maskiner med berøringsskjerm og penn. Nettbrett med penn vil nok vera det billigaste og enklaste for dei fleste.
- Læringsmateriell
- Det viktigaste læremateriellet er oppgåvesamlinga på denne sida, ordna veke for
veke gjennom semesteret.
Der er ingen fasit til øvingane. Det er med hensikt. De skal bruka heftet til å drøfta løysingane med kvarandre og sikta mot ei felles overtyding. Det er berre på denne måten de kan opparbeida tanksetts- og kommunikasjonskompetanse. Alle røynslene våre viser at fasit er ei bjørneteneste som motverkar læringsmåla.
Det er derimot alltid lov å spørja om råd. Både førelesar og læringsassistentar er her for å hjelpa, og når de trengst bidreg me med løysingsforslag.
- Formelark
- Dette formelarket har tidlegare vore brukt på eksamen. Det kan vera greitt å ha for handa.