Statistikk og Simulering

Praktisk info

Statistikk og Simulering

1. Praktisk info

Statistikk og Simulering omfattar på sett og vis to tema, men dei to temaa er avhengige av kvarandre. Me skal bare sjå på simulering av tilfeldige prosessar i dette emnet. Statistikken handlar om teoretiske analysar av tilfeldige (gjerne kalla stokastiske) prosessar, og simulering vil handla om tilfeldige prosessar på datamaskina. Det er viktig å sjå samanhengen mellom teori og praksis, og me vil ofte studera dei same problemstillingane parallelt som statistikk og som simulering. Det er difor viktig å halda seg à jour med båe øvingsopplegga (rekneøving og lab). Dersom ein heng etter i det eine, kan det få konsekvensar for det andre.

Me har tre undervisingsøkter:

Førelesing
Onsdag 8-10. Hovudsakleg statistikk.
Rekneøving
Fredag 8-10.
Labøving
Fredag 10-14. Praktisk på datalab. Hovudsakleg simulering.

Dersom du står fast, spør med ein gong. Læring er ein dialog.

 1.1 Nota Bene
 1.2 Pensum
  1.2.1 Annan anbefalt literatur