Økt 1. Introduksjon til grenseverdiar
Presentasjon (fyrste time)
1.1. Presentasjon (fyrste time)
Eg freistar å byggja heile kurset med utgangspunkt i konkrete, røynlege døme. Det fyrste dømet, i føredraget ved sidan av, simulerer ein sprettball. Spørsmålet som me drøfter er, kva er hastigheita til denne ballen?
- 1.
- Kor fort fell ballen over eit tidsrom, t.d. frå 0,5 til 1 sekund etter start?
- 2.
- Kor fort fell ballen akkurat på tidspunktet 0,5 sekund etter start?
I timen går me gjennom dømet over, og løyser oppgåva nedanfor i plenum.
Oppgåve 1.1 Thorium-231 (Th) er svært radioaktivt med halveringstid på 25,52h. Sett du du har eit gram thorium. Etter 25,52h er der eit halvt gram thorium att. Etter timar er attverande thoriummasse
- 1.
- Plot funksjonen på intervallet (fem dagar).
- 2.
- Lat oss sjå på kor mykje thorium som forsvinn etter det fyrste døgeret, dvs. frå timar og utover. Tabulér den gjennomsnittlege forsvinningsraten (i gram per time) på intervallet for og .
- 3.
- Estimér det momentane massetapet på tidspunkt timar.
Plottet kan vera ei enkel handteikna skisse, eller du kan bruka datamaskin eller lommekalkulator.
Dersom du ikkje har kalkulator for handa, kan du til dømes bruka Wolfram Alpha:
Du kan t.d. skriva
- 1.
- (1/2)^(t/25.52), for å plotta .
- 2.
- (1/2)^(t/25.52) from 0 to 120, bestemma intervallet for i plottet.
- 3.
- (1/2)^(t/25.52) where t=24, for å rekna ut i eitt punkt.