Veke 1. Prosentrekning
Prosentdel
1.1 Prosentdel
Eksempeloppgåve 1.1 I ein studie om sparing vert 200 studentar spurde om dei sparer i BSU (bustadsparing for ungdom). Av dei svarer 80 studentar ja. Kor stor prosentdel av studentane sparer i BSU?
Løysing 1.1 Delen av studentane som sparer i BSU, er
80 sparande studentar utav 200 studentar totalt,
som svarer til brøken
Me kan skriva om brøken slik at me får 100 i nemnaren:
Prosent tyder det same som hundredelar, so 40 hundredelar, eller 40% av studentane sparer i BSU.
Øvingsoppgåve 1.2 I ein annan studie vert 1000 arbeidstakarar spurde om dei sparer til pensjon utover obligatorisk tenestepensjon. Av dei svarer 140 ja. Kor stor prosentdel av arbeidstakarane sparer til ekstra pensjon?
Eksempeloppgåve 1.3 () Av 135 studentar, strauk 53 til eksamen. Kor stor er strykprosenten?
Løysing 1.2 Strykdelen er 53 av 135, dvs.
Strykdelen er altso .
Øvingsoppgåve 1.4 () På ein annan eksamen var der 117 studentar og 12 av dei fekk A. Kor stor prosentdel fekk A?
Eksempeloppgåve 1.5 Der er utanlandske studentar på masterstudiet. Totalt er der 117 studentar. Kor mange utlendingar studerer på studiet?
Løysing 1.3 Talet på utlendingar er av 117, eller mao.
Sidan det her er tale om personar, må svaret vera eit heltal. Der er 24 utanlandske studentar på studiet.
Øvingsoppgåve 1.6 På hovudoppgåva fekk av studentane A. Der var 88 studentar på studiet. Kor mange studentar fekk A?